Hopp til innhold
X
Innhald

Dato

Dato, eller datum (latin, "gitt"), tyder det nummeret dagen har i månaden. Det vert ofte brukt saman med namnet eller nummeret på månaden og årstalet. Etter internasjonale reglar skal årstalet setjast først, deretter nummera månaden og dagen har. For eksempel skal 1. september 2006 skrivast 2006-09-01. 
For norsk rettskriving tilrår Språkrådet rekkefølgja dato-månad-år med punktum mellom, slik at 1. september 2006 skal skrivast 1.9.2006.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012