Hopp til innhold
X
Innhald

Middag

Middag. I astronomien står sann middag for det tidspunktet når solsenteret passerer meridianen på staden, det vil seie at det står rett i sann middag. Klokka er då 12 timar sann soltid. Middel-middag er det tidspunktet då den tenkte middelsola passerer meridianen på staden. Klokka er då 12 timar lokal middelsoltid. Middagslinja er forbindingslinja mellom nord- og sørpunktet.
Middagshøgda er solhøgda i middagsaugneblinken, det tidspunktet sola står høgast på himmelen. Uttrykket vert også nytta i overførd tyding, til dømes "livets middagshøgd".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012