Hopp til innhold
X
Innhald

Primstav

Primstav er ein stav med evigvarande kalender. Han vart nytta før trykte kalendrar kom i bruk. Staven har hakk eller strek for kvar dag i året der helgen- og merkedagar er markerte med stiliserte figurar. Norske primstavar har ei vinterside med kalendarium frå 14. oktober (vinterdagen) til 13. april (sommardagen), og ei sommarside.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012