Innhald
Soltid
Soltid. Sann soltid er den tida som vert målt ved den tilsynelatande rørsla sola gjer over himmelkvelvingen.
Middelsoltid er den tida som vert bestemt av ei tenkt sol, middelsol, som med jamn fart flyttar seg langs himmelen sin ekvator. Middelsola er ei tenkt sol; og ho kan derfor ikkje observerast. Men sidan det er ein samanheng mellom middelsoltid og stjernetid, kan middelsoltid reknast ut frå observasjonar av stjernene.
Sann soltid minus middelsoltid vert kalla tidsjamninga.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012