Hopp til innhold
X
Innhald

Tid

Tid er tidsrommet mellom to hendingar. For å opplyse om tid vert det nytta ei tidseining av uforanderleg lengd.

Tida på døgnet vert oppgitt i timar (minutt og sekund) sidan midnatt, tida på året i talet på døgn sidan nyttår og tidspunktet for ei historisk storhending til vanleg i år etter Kristi fødsel.
Det er derfor to tidsmål i vårt daglege liv som har størst tyding: lengda på døgnet og lengda på året.
Tid bestemt ved observasjon av sola var lenge den mest nøyaktige. Lengda på soldøgnet er rotasjonstida til jorda i forhold til sola — anten i forhold til den verkelege sola, eller i forhold til middelsola. Lengda på stjernedøgnet er rotasjonstida til jorda i forhold til vårjamndøgnpunktet.
Soltid og stjernetid er avgjorde av jorda si sideriske rotasjonstid omkring sin eigen akse. Dette tidsmålet meinte ein inntil hundreårskiftet var heilt konstant, men då svært nøyaktige ur vart konstruerte, viste det seg at jordrotasjonen er litt variabel. Ein innførte derfor i 1960 efemeridetid, som er ei jamt laupande tid bestemt hovudsakleg frå observasjonar av månen mot bakgrunnen av stjerner.
Efemeridetida vart i 1984 erstatta av dynamisk tid. Ho byggjer på den internasjonale atomtida som vert bestemd av Bureau International de l'Heure i Paris ut frå analyse av atomtidmålingar i mange land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 04.01.2017