Innhald
Atommasse
Atommasse har eininga u som er 1/12 av massen til eitt atom av C-12-isotopen, som svarer til 1,66×10¯²⁷ kg. Atommassen til eit grunnstoff er middelverdien av massen til atoma i grunnstoffet si naturlege isotopblanding, uttrykt i eininga u. Når massen er gitt opp utan nemning, er det snakk om relativ atommasse, då han er gitt opp i forhold til eininga u. Likevel er det vanleg berre å gi opp atommasse for grunnstoff som eit unemnt tal.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011