Innhald
Frekvens
Frekvens (latin), hyppigheit, tyder i fysikken svingetal per tidseining. SI-eininga er herz, med symbol Hz. Sidan all elektromagnetisk stråling forplantar seg med ein fart lik 3×10⁸ m/s, vil frekvens gongar bølgjelengd vere lik dette talet. I statistikken er frekvens eit mål for det talet gonger ein verdi er observert i eit statistisk materiale (hyppigheit).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012