Innhald
Fluorescens
Fluorescens [-sens] i eit stoff er nemninga på luminescens som tek slutt med ein gong ein sluttar å bestråle stoffet. Viss luminescensen held fram ei tid etter at bestrålinga er avslutta, blir han kalla fosforescens. Effekten kjem av eigenutstråling av synleg lys frå atoma i stoffet når dei blir eksiterte av elektron, røntgenstråling, ultrafiolett lys eller kortbølgja synleg lys.
Fluorescens blir utnytta til dømes i TV-skjermar og røntgenskjermar. Pigment med fluorescerande eigenskapar blir brukte i lysstoffrøyr, frimerke, plakatar, refleksstriper på klede og så vidare.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011