Hopp til innhold
Fotografi av røntgenbilete av ryggmark og bekken, truleg frå Rikshospitalet i 1931. Foto: Severin Worm-Petersen. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 15767. CC BY 4.0.
Fotografi av røntgenbilete av ryggmark og bekken, truleg frå Rikshospitalet i 1931. Foto: Severin Worm-Petersen. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 15767. CC BY 4.0.
X
Innhald

Røntgenstråling

Røntgenstråling er elektromagnetisk stråling, mellom anna nytta til materialundersøking og medisinsk undersøking og behandling.

Røntgenstråling er elektromagnetisk stråling med kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling og lengre enn gammastråling, det vil seie ca. mellom 10 nanometer og 10 pikometer.
 
Fenomenet blei oppdaga av den tyske fysikaren Wilhelm von Röntgen 8. november 1895. Oppdaginga, som Röntgen kalla X-strålar, gjorde at han fekk den første Nobelprisen i fysikk i 1901.
 
Røntgenstrålinga er energirik og kan trengje gjennom lekamar som er ugjennomtrengjelege for lys.
 
Røntgenstrålingar med dei kortaste bølgjelengdene blir kalla harde, fordi dei har stor evne til å trengje gjennom faste lekamar, til dømes fleire cm jern; og dei blir derfor nytta til materialundersøkingar.
 
Røntgenstrålingar med lengre bølgjelengder blir kalla blaute. Forskjellige artar av vev i menneskelekamen absorberer røntgenstråling i ulik grad, og som følgje av det blir det danna eit skuggebilete. Indre holrom kan gjerast synlege på røntgenbiletet ved hjelp av kontrastmiddel.
 
Røntgenstrålinga blei oppdaga fordi ho sverta fotografiplater, og dermed blei røntgenfotografering mogleg. Røntgenstråling får visse stoff til å fluorescere, slik at røntgenbilete kan studerast på ein røntgenskjerm. I medisinen blir røntgenstråling brukt både til undersøkingar (røntgendiagnostikk) og behandling (røntgenterapi), særleg av vondarta svulstar, då røntgenstråling har ein øydeleggjande verknad på cellevevet. Røntgenstråling blir også brukt til undersøkingar av atoma og molekyla si oppbygging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 11.11.2019