Hopp til innhold
X
Innhald

Spektralfargar

Spektralfargar er dei fargane som kjem fram når sollyset blir brote gjennom eit prisme.

Talet på spektralfargar er i røynda uhyre stort, då det til kvar enkelt bølgjelengd svarer ein spektralfarge.

I praksis skil ein mellom raudt (lengst bølgjelengd), gult, grønt, blått og fiolett (kortast bølgjelengd). Tidlegare rekna ein med sju spektralfargar, då oransje og indigo blei tekne med.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 09.03.2017