Hopp til innhold
X
Innhald

Biofysikk

Biofysikk er eit fagfelt i grenseområdet mellom fysikk, kjemi, farmasi, biologi og medisin.
 
I biofysikk nyttar ein metodar og idear frå fysikken for å studere og beskrive strukturar i levande organismar og mekanismane i livsprosessane.
 
I molekylær biofysikk studerer ein store molekyl og dei minste biologiske partiklane, arvestoff og virus.
 
I strålingsbiofysikk studerer ein verknadene av radioaktivitet, røntgenstråling og ultrafiolett stråling på levande organismar, slike som øydelegging av celler og vev, mutasjonar, ukontrollert vekst og kreftframkalling og endringar i arvestoff. I fysiologisk biofysikk studerer ein syn, høyrsel, smak, lukt og korleis nervar leier impulsar. Studiet av endringar i dei normale funksjonane i organismar når omgivnadene endrar seg, høyrer også med her.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011