Hopp til innhold
X
Innhald

Kerrcelle

Kerrcelle gjer om elektriske spenningsvariasjonar til lysvariasjonar; ein lysventil.
 
Kerrceller er blitt brukte til bilettelegrafi og fjernsyn, no blir dei blant anna brukte som optiske lukkarar ved rask fotografering. Ei kerrcelle har reaksjonstid ned til 10¯⁸ sekund.
 
Kerrcelle har fått namn etter den skotske fysikaren John Kerr (1824–1907).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011