Innhald
Maser
Maser er forkorting for Microwave Amplification by Stimulated Emission of Radiation. Det er eit apparat til framstilling av koherent elektromagnetisk stråling i mikrobølgjeområdet, det vil seie bølgjelengder mellom infraraudt og dei kortaste radiobølgjene.
Maser har liten eigen støy, og blir brukt blant anna som inngangsforsterkarar for særleg følsame radarmottakarar og radioastronomiske instrument og i mikrobølgjespektroskopi.
Ein maser blei første gongen konstruert av C. H. Townes i 1954. Jf. laser.
Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011