Hopp til innhold
X
Innhald

Peltiereffekt

Peltiereffekt [peltje-] er ein elektrisk varmeeffekt som blei oppdaga av den franske fysikaren J.C. Peltier (1785–1845) i 1834.
 
 Når to leiarar av forskjellig materiale blir kopla saman og det blir sendt ein likestraum gjennom dei, vil temperaturen stige i kontaktstaden mellom leiarane eller minke når straumen går den motsette vegen.
 
Peltiereffekten kjem av at ladningsberarane som går gjennom kontaktflata, passerer eit potensialsprang, og som følgje av dette tek dei imot eller gir frå seg energi. Når to eller fleire leiarar blir kopla saman og dannar ein krets, og koplingspunkta har ulike temperaturar, vil det gå ein straum i kretsen. Dette blir kalla seebeckeffekten og er det motsette fenomenet av peltiereffekten. Seebeckeffekten blei oppdaga i 1821 av den tyske fysikaren T.J. Seebeck (1770–1831).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011