Hopp til innhold
 Sauetang. Foto: Shandchem, flickr.com
Sauetang. Foto: Shandchem, flickr.com
X
Innhald

Sauetang

Sauetang (latin Pelvetia canaliculata), den minste brune tangarten i Noreg. Han er 10 cm høg, har gaffeldelte skot med renner i, og veks i ein smal brem aller øvst i fjøresona. Sauetangen ligg tørrlagd meir enn 23 timar i døgnet, og ofte mange døgn i strekk.
Arten blir ofte beita av sauene langs kysten som ei saltkjelde, og difor har han fått namnet sauetang. Under den andre verdskrigen brukte ein han som snuserstatning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 12.09.2012