Sypress-allé i Italia. Arten er middelhavssypress (Cupressus sempervirens) som kan bli over 30 meter høg.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sypressfamilien er oftast eviggrøne bartre med skjelforma blad og små frøkongler. Familien har kring 30 slekter med mellom 135 og 169 artar, avhengig kva ulike bartreekspertar reknar som artar eller underartar. Mange artar blir bruka som prydtre i hagar og parkar.

Faktaboks

Uttale
syprˈessfamilien
Vitskapeleg namn
Cupressaceae
Beskriven av

Gray (nom. cons.)

Artar med skjellorma blad har som ungplanter ofte nåleforma blad (barnåler) som kan bli bevart når plantene blir formeira ved stiklingar. Nokre slike ungdomsformer vart tidlegare feiltolka som artar i ei eiga slekt kalla Retinospora.

I Noreg er det berre einer som er viltveksande. Andre viktige slekter er fjellmammuttre (Sequoiadendron), japanseder (Cryptomeria), kystmammuttre (Sequoia), småbiota (Microbiota), sumpsypress (Taxodium), tuja (Thuja), urtidstre (Metasequoia), vokstuja (Thujopsis) og to slekter som kallast sypress på norsk (Chamaecyparis og Cupressus).

Sumpsypress vart tidlegare ført til ein eigen plantefamilie, sumpsypressfamilien, men er no inkludert i ein underfamilie i sypressfamilien.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sypressfamilien
Cupressaceae
Artsdatabanken-ID
103779
GBIF-ID
8144

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg