Hopp til innhold
 Foto: Simon Morris, flickr.com
Foto: Simon Morris, flickr.com
X
Innhald

Agave

Agave, slekt i agavefamilien med om lag 300 artar. Den meksikanske drikken pulque er laga av agavesaft, medan andre artar gir sisalhamp og fiberstoff. Blada kan etast eller brukast til taktekking. A. americana med opptil 12 m høg blomsterstand er vanleg i varme land, men kjem opphavleg frå Mexico.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2012
Sist oppdatert: 19.11.2012