Hopp til innhold
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
Foto: Phil Sellens, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Åkersennep

Åkersennep (latin Sinapis arvensis), 50 cm høg, eittårig plante i krossblomsterfamilien. Blada og stenglane er stivhåra, og dei gule blomstrane har utsperra begerblad. Frøa er svartbrune med ein svak sennepssmak. Åkersennep er eit vanleg ugras over heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2013
Sist oppdatert: 20.03.2013