Hopp til innhold
Foto: Leonora Enking, Flickr.com CC-BY
Foto: Leonora Enking, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Alm

Alm (latin Ulmus glabra), tre med flate vengjefrukter som blomstrar på berr kvist. Arten er ikkje vanleg i Noreg, og han er ikkje eigentleg skogdannande. Alm finst langs kysten til Beiarn og inne i landet til Otta. Slekta Ulmus har om lag 40 artar, og fleire av desse er brukte som parktre i Noreg. Veden er hard og blir nytta til møblar. Soppsjukdomen almesjuke trugar almar i heile Europa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013