Hopp til innhold
Foto: Manuel Martin Vicente, Flickr.com CC-BY
Foto: Manuel Martin Vicente, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Appelsin

Appelsin (av nederlandsk appel, ’eple’, og latin sinensis; latin Citrus sinensis), kinesisk bærfrukt som er rik på C-vitamin. Appelsinen er ei søt frukt som er fylt med saftfylte hår. Arten har vore dyrka i Kina i fleire tusen år, og han kom til Europa på 1500-talet. I dag er han dyrka i nesten alle tropiske og subtropiske land, men produksjonen er særleg stor i middelhavslanda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013