Hopp til innhold
X
Innhald

Araucaria

Araucaria, tropisk slekt av bartre med om lag 35 artar, hovudsakleg på den sørlege halvkula. Enkelte av artane kan bli 50–60 m høge. Araucaria-artar dannar skog på vestsida av Andesfjella, på New Zealand og enkelte stader i Australia. Frøa er etande og tømmeret verdifullt. Av kvaa lagar ein ferniss. I Vest-Noreg finst det enkelte eksemplar i hagar og som stoveplanter (skjelgran eller apeskrekk og stovegran).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013