Hopp til innhold
 Sibirstjerne. Foto: jpc.raleigh, flickr.com
Sibirstjerne. Foto: jpc.raleigh, flickr.com
X
Innhald

Asters

Asters (latin Aster), slekt i korgplantefamilien med om lag 600 artar, der halvparten av dei finst i Nord-Amerika. Artane er oftast fleirårige, sterkt greinete staudar med skivekroner som vanlegvis er gule og randkroner som vanlegvis er fiolette.
I Noreg finst det to artar som veks vilt, strandasters eller strandstjerne, A. tripolium, og sibirasters eller sibirstjerne, A. sibiricus. Den siste veks ved Aursunden, men er også overførd til andre vatn i nærleiken på grunn av reguleringa av Aursunden. Ei rekkje artar blir dyrka som hageplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.11.2012
Sist oppdatert: 22.11.2012