Hopp til innhold
 Bambus. Foto: Mike Lowe, flickr.com
Bambus. Foto: Mike Lowe, flickr.com
X
Innhald

Bambus

Bambus (latin Bambusa), slekt i grasfamilien med om lag 75 artar. Artane har opptil 40 m høge og 30 cm hole, ledda strå. Enkelte artar blomstrar berre med lange mellomrom, kvart 30., 60. eller 120. år. Namnet bambus er også i bruk om fleire andre slekter med til saman om lag 225 artar. Stammen blir brukt til møbelproduksjon og ei rekkje typar reiskapar. Bambusskot er dei unge skota på fleire bambusartar som normalt veks til fleire meter høge forveda stenglar. Desse blir skrella og kokte som grønsak, og ein nyttar dei mellom anna i mange asiatiske retter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.11.2012
Sist oppdatert: 22.11.2012