
Bjørnekjeks. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
Innhald
Bjørnekjeks
Bjørnekjeks (latin Heracleum), slekt i skjermplantefamilien med om lag 70 artar, der to av dei veks vilt i Noreg. Kystbjørnekjeks, H. sphondylium, med flate småskjermar veks i kyststrok frå Telemark til Trøndelag, og sibirbjørnekjeks, H. sibiricum, har halvkuleforma småskjermar og veks i eng og skogkantar over heile landet. Forvilla frå hagar finn ein tromsøpalme, H. laciniatum, og kjempebjørnekjeks, H. mantegazzianum. Ein kan få allergiske utslett av å ta på blada.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012