Innhald
Blærerot
Blærerot (latin Utricularia), kjøtetande, fleirårige planter i blærerotfamilien. Dei flyt fritt i vatnet og manglar røter. Blada er delte opp i hårfine flikar. På blada eller stengelen sit det små blærer som verkar som ei fiskeruse. Dei fanga dyra blir løyste opp av proteinspaltande enzym som blir avsondra frå kjertlar i blæreveggen. På denne måten skaffar plantene seg eit tilskot på protein og nitrogen. Det finst 5 blærerot-artar i Noreg.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013