Hopp til innhold
  Blomkarse, foto: inyucho, flickr.com
Blomkarse, foto: inyucho, flickr.com
X
Innhald

Blomkarse

Blomkarse (latin Tropaeolum), slekt i blomkarsefamilien med om lag 80 artar frå fjellstrok i Sør-Amerika. Fleire artar blir dyrka som prydplanter. Vanleg blomkarse, T. majus, er ei klatreplante med opptil 7 cm breie, gule, raude eller oransje blomstrar, og ho blir 3–5 m høg. Andre dyrka artar er småblomkarse, skjoldblomkarse, eldblomkarse og kanariblomkarse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012