Hopp til innhold
 Borre. Foto: Tatiana Gerus, flickr.com
Borre. Foto: Tatiana Gerus, flickr.com
X
Innhald

Borre

Borre (latin Arctium), slekt i korgplantefamilien. Korgdekkblada endar i ein krok, og fruktene blir spreidde med dyr som dei heftar seg fast ved. I Noreg finst det fire artar: storborre, skuggeborre, ullborre og småborre. Dei veks ved vegkantar, på avfallsplassar og nokre gonger i lauvskog.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012