
Brunrot. Foto: Steve Chilton, flickr.com
Innhald
Brunrot
Brunrot (latin Scrophularia nodosa), meterhøg, fleirårig urt i maskeblomsterfamilien som gir frå seg ei ubehageleg lukt ved knusing. Dei små, mørkebrune og gulgrøne blomstrane sit i klaseliknande blomsterstandar. Blomstrane er først holege (proterogyne). Dei holege og (seinare) hannlege stadia varer gjerne to dagar kvar.
Brunrot veks på steinete, skuggefulle stader i lauvskog, langs kysten til Finnmark, og i innlandet på Austlandet nord til Ringebu.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012