Hopp til innhold
 Bukkeblad. Foto: Tico, flickr.com
Bukkeblad. Foto: Tico, flickr.com
X
Innhald

Bukkeblad

Bukkeblad (latin Menyanthes trifoliata), vanleg myr- og vassplante i bukkebladfamilien. Planta har ein fleirårig, lang centimetertjukk jordstengel som er laust festa i våte mosetuer eller flyt i vatn. Blada er trekopla og langstilka, og stengelen er bladlaus og blomsterberande. Blomstrane er klokkeforma med kvite, hårete og kjøtfulle kronflikar.
 
Bukkeblad er ei gammal legeplante, og ho er vanleg over det meste av landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012