Hopp til innhold
 Busknellik. Foto: Kingsbrae Graden, flickr.com
Busknellik. Foto: Kingsbrae Graden, flickr.com
X
Innhald

Busknellik

Busknellik (latin Dianthus barbatus) eller bustnellik, urt i nellikfamilien som stammar frå Sør-Europa. Planta er 50 cm høg, glatt og har lansettforma blad. Dei 2–3 cm breie blomstrane sit i tette, flate skjermar, oftast raude eller kvite. Ho blir dyrka som toårig i rabattar, men i tillegg er ho funnen forvilla enkelte stader på Austlandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012