
Edelweiss, foto: Franco Folini, flickr.com
Innhald
Edelweiss
Edelweiss (latin Leontopodium alpinum), 20–30 cm høg, fleirårig art i korgblomsterfamilien. Han har grålòden stengel og kvitlodne høgblad (svøpblad) som omgir dei små kortstilka blomsterkorgene, som er samla i tette halvskjermar. Heile samlinga ser ut som ein stor stjerneforma blomster.
Arten veks på tørre bakkar på fjellet i Asia og Sør-Europa, og er vanleg i Alpane, der han er totalfreda. Edelweiss og sibiredelweiss, L. palibinianum, er utmerkte staudar for fjellhagar og tørre murar.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013