Hopp til innhold
 Engsyre. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Engsyre. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Engsyre

Engsyre (latin Rumex acetosa) eller matsyre, 40 cm høg, fleirårig plante i syrefamilien. Ho har pilforma blad og bittesmå, raudaktige blomstrar ordna i kransar i ein opprett, greina blomsterstand. Arten er vanleg over heile landet. Engsyre inneheld oksalsyre som gir blada ein frisk smak. Tidlegare brukte ein planta som grønsak og middel mot skjørbuk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013