Ertebusk
Ertebusk (latin
Caragana), slekt med om lag 80 artar buskar og tre i erteblomsterfamilien. Til desse høyrer mellom anna dyrka artar som dvergertebusk,
C. pygmaea, ein krypande busk med stikkande torner og sterkt gule blomstrar, og sibirertebusk,
C. arborescens, som er 4–5 m høg, har gule blomstrar og er svært hardfør.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 10.01.2013
Sist oppdatert: 10.01.2013