Hopp til innhold
X
Innhald

Eukalyptus

Eukalyptus (latin Eucalyptus), treslekt i myrtefamilien med 600 artar, som opphavleg kjem frå Australia og Tasmania. Dei har glatt, avflassande bork og skruestilte blad som er tjukke og lêraktige, og som inneheld eteriske oljar. På blomstrane er kronblada vaksne saman til ei hette, og frukta er ein krukkeforma kapsel.
Eukalyptustre veks raskt, og dei kan bli 100 m høge. Veden er tung og har fibrar som eignar seg til celluloseindustrien. Av blada og borken vinn ein ut harpiks, garvestoff og eukalyptusolje, som er brukt i medisinen. Mange artar er planta i Amerika, Afrika og Sør-Europa. Eukalptus er viktig som pionertre ettersom det klarer seg på svært mineralfattig jord.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013