Hopp til innhold
 Giftkjeks. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
Giftkjeks. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
X
Innhald

Giftkjeks

Giftkjeks (latin Conium maculatum), art i skjermplantefamilien som minner om hundekjeks og hundepersille. Planta har ein glatt, raudflekka stengel, runde frukter samt ei ubehageleg, ròten lukt. Giftkjeks er ei toårig plante med kvite blomstrar, og ho er uhyre giftig. Arten er spreidd i utbreiing, men er no sjeldsynt i Noreg.
 
Giftkjeks har tidlegare vore brukt til avrettingar, til dømes då Sokrates vart avretta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.01.2013
Sist oppdatert: 15.01.2013