Hopp til innhold
 Gras. Foto: Bill
Gras. Foto: Bill
X
Innhald

Grasfamilien

Grasfamilien (latin Poaceae, tidlegare Gramineae), stor og tydeleg avgrensa familie av einfrøblada planter med om lag 6000 artar. Om lag 150 av desse, fordelt på om lag 60 slekter, veks i Noreg. Grasartane blir gjerne delte inn i to hovudgrupper etter typen av blomsterstand: toppgras og aksgras. Dei enkelte, små og usjålege blomstrane sit saman i småaks. Dersom desse er stilka og sit i ein open blomsterstand, blir denne kalla ein topp. Dersom småaksa er sitjande (ustilka), blir blomsterstanden kalla eit aks.
Grasartar skil seg frå grasliknande planter (storr, siv, sivaks osb.) gjennom at dei har ein hol og ledda stengel (leddknutar) som er trinn (ikkje trekanta). Til grasfamilien høyrer alle kjende kornslag, forutan ris, mais, hirse, durra, bambus, sukkerrøyr, espartogras og fleire. Kjende beitegras er timotei og rapp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.01.2013
Sist oppdatert: 15.01.2013