Hopp til innhold
 Hegg. Foto: Klasse im garten, flickr.com
Hegg. Foto: Klasse im garten, flickr.com
X
Innhald

Hegg

Hegg (latin Prunus padus), opptil 15 m høgt tre eller busk i rosefamilien. Arten har sagtanna blad, sterktluktande, kvite blomstrar og svarte steinfrukter, heggebær, med snerpande smak. Hegg er vanleg i heile Noreg. Fruktene er brukte til vin og likør, og frå borken vann ein ut bitter mandelolje som var i bruk i medisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013