Innhald
Ibenholt
Ibenholt (av latin ebenus og lågtysk ebenholt, ’barlind’), haldbar kjerneved av fleire tropiske treslag i ibenholtfamilien. Fargen varierer (brun, raud, blå, svart), og den mørkaste er rekna for å vere den beste. Ibenholten er hard og jamn ved utan markerte årringar, og han er tyngre enn vatn. Ekte ibenholt får ein av artar i slekta Diospyros, i India, Sri Lanka, Vest-Afrika og Amerika.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 23.01.2013
Sist oppdatert: 23.01.2013
Sist oppdatert: 23.01.2013