Hopp til innhold
X
Innhald

Iris

Iris, planteslekt i sverdliljefamilien med 200 artar i tempererte strok. Dei har lange, smale, sverdforma blad og blomstrar med seks store blomsterdekkblad. Éin art veks vilt i Noreg: sverdlilje, I. pseudacorus, som har 2–3 cm breie blad og store, gule blomstrar. Ein finn arten på våte stader i kyststroka frå Oslo til Bodø. Som prydplanter dyrkar ein mange sortar av hageiris, I. germanica.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2013
Sist oppdatert: 23.01.2013