Hopp til innhold
X
Innhald

Juleglede

Juleglede (latin Begonia cheimantha), opphavleg ei kryssing som franskmannen Lemonie gjorde med to begonia-artar i 1891. Juleglede er ei stoveplante med rik blomstring av som regel rosa blomstrar. Planta kan blomstre heile vinteren, men treng rikeleg med vatn. Arten formeirar seg ved blad- eller toppstiklingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013