Hopp til innhold
 Kaktus. Foto: brewbooks, flickr.com
Kaktus. Foto: brewbooks, flickr.com
X
Innhald

Kaktus

Kaktus, planter i kaktusfamilien, Cactaceae, som har om lag 200 slekter med over 2000 artar. Dei fleste veks vilt i subtropiske og tempererte område i Amerika, og er sukkulente planter. Dette vil seie at dei kan ta opp vatn og lagre det i røtene eller stammen. Blada er uutvikla, og stammen er sterkt fortjukka med varierande form og storleik. Blomstrane sit vanlegvis enkeltvis og er store og velluktande. Nokre artar har etande frukter, som til dømes fikenkaktus. Fleire av artane blir dyrka som stoveplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013