
Brokkoli. Foto: Johann Seidl, flickr.com
Innhald
Kål
Kål, artar og former i slekta Brassica i krossblomsterfamilien. Dei fleste vanlege sortane høyrer til arten B. oleracea, dyrka kål. Til gruppa bladkål høyrer grønkål, fôrmargskål og pyntekål. Til blomsterkålgruppa høyrer blomkål, vinterblomkål og brokkoli. Innanfor hovudkål har ein kinakål, savoykål, kvitkål (spisskål og vanleg hovudkål) og raudkål. I tillegg kjem knutekål og rosenkål. Sjå elles kålrot og raps.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013