Hopp til innhold
Kaprifol. Foto: degeerelle, flickr.com
Kaprifol. Foto: degeerelle, flickr.com
X
Innhald

Kaprifol

Kaprifol, fleirårige slyngplanter i slekta Lonicera i kaprifolfamilien. Ekte kaprifol, L. caprifolium, er 5 m høg med mørkegrøne blad og store, velluktande, gulkvite blomstrar med eit raudleg skjær utvendig. Kaprifol høyrer heime i Sør-Europa og Vest-Asia. Slekta har om lag 180 artar. Fleire av desse og mange kryssingar blir dyrka som prydplanter.
 
I Noreg finst det éin viltveksande art: vivendel, L. periclymenum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013