Hopp til innhold
X
Innhald

Karve

Karve (latin Carum carvi), 40 cm høg, toårig ugrasplante i skjermplantefamilien med 2–3 dobbeltfinna blad og kvite til raudlege blomstrar. Ein kjenner henne lett på dei to små, finna blada (akselblad) som sit ved grunnen av bladslirene. Fruktene inneheld aromatiske karveoljar, og ein nyttar dei som krydder. Unge skot, karvekål, blir brukt til supper. Karve er vanleg over heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013