Hopp til innhold
 Kastasje. Foto: brewbooks, flickr.com
Kastasje. Foto: brewbooks, flickr.com
X
Innhald

Kastanje

Kastanje (latin Castanea sativa) eller edelkastanje, tre i bøkefamilien med blanke, mørkegrøne, lansettforma og sagtanna blad. Blomsterstanden er lang og smal med gule blomstrar. Dei næringsrike kastanjenøttene, maronar, sit tre saman inni eit pigga hylster, og dei blir etne rista eller kokte. Kastanjetrea veks i Sør-Europa, Nord-Afrika, delar av Asia og Nord-Amerika. Ein må ikkje forveksle dei med hestekastanje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013