Hopp til innhold

 Hagekjørvel. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
Hagekjørvel. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
X
Innhald

Kjørvel

Kjørvel, to artar av ulike slekter i skjermplantefamilien. Hagekjørvel, Anthriscus cerefolium, er ei eittårig, 40–50 cm høg krydderplante med 2–3 dobbeltfinna blad. Blad og unge stenglar blir brukte i matlaging. Arten er forvilla frå hagar i Sør-Noreg.
 
Spansk kjørvel, Myrrhis odorata, er ei fleirårig, dunhåra plante med søt lukt. Denne blir også brukt som hagekjørvel. Spansk kjørvel veks vilt i Mellom- og Sør-Europa, og er forvilla i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013