Hopp til innhold
X
Innhald

Kokabusk

Kokabusk (latin Erythroxylon coca), planteart med gulkvite blomstrar og raud steinfrukt. Dei lêraktige blada inneheld alkaloid, mellom anna kokain, og dei blir togne som stimulerande middel. Kokabusken er ei eldgammal kulturplante, og ho er særleg dyrka og brukt i Sør-Amerika der dette er lovleg. I andre land ser ein på blada som narkotika, og det er straffbart å sitje på slike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013