Hopp til innhold
  Korgblomsterfamilien. Foto: Tim Waters, flickr.com
Korgblomsterfamilien. Foto: Tim Waters, flickr.com
X
Innhald

Korgblomsterfamilien

Korgblomsterfamilien (latin Asteraceae eller Compositae), plantefamilie med meir enn 20 000 artar, der dei fleste er urter. Han er den største tofrøblada familien, og om lag 100 artar av han veks vilt i Noreg.
Blomsterstanden er ei korg, noko som vil seie at hovudaksen vidar seg ut til ei blomsterfesta skive som ber talrike små blomstrar. Kvar blomsterkorg er omgitt av ei samling smale, grønlege og begerliknande korgdekkblad. Blomsterkrona er røyrforma og har anten fem korte, like krageflikar (røyrkroner) eller lange krageflikar som er vaksne saman til ei lang, einsidig tunge (tungekroner).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013