Hopp til innhold
Foto: Dietmut Teijgeman-Hansen, Flickr.com CC-BY
Foto: Dietmut Teijgeman-Hansen, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Krossved

Krossved (latin Viburnum opulus), 3 m høg busk i kaprifolfamilien med heile eller trelappa blad og blomstrar i flat halvskjerm. Frukta er ei saftig, raud og giftig steinfrukt. Arten veks nord til Bodø og Narvik. Mange nærståande artar som filtkrossved, vårkrossved og vinterkrossved blir dyrka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013