
Kveke. Foto: Bas Kers, flickr.com
Innhald
Kveke
Kveke (latin Elytrigia repens), 70 cm høg art i grasfamilien med lange, krypande og djuptgåande jordstenglar som er rike på næring; dei har tidlegare vore brukte som dyrefôr. Planta har flattrykte småaks med flatsida vend mot strået. Kveke er rekna som det vanskelegaste ugraset i Noreg. Ein nærståande art er strandkveke, E. juncea.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013